Hels på Randi

Baletann er ein ny privatklinikk med fokus på tid til alle pasientar - midt i den vakre bygda Balestrand.

Tannlege Randi Sognnæs Aamot blei uteksaminert frå Universitetet i Bergen (UiB) i 2018 og er medlem av Den norske tannlegeforeningen (MNTF). Ho elskar jobben sin og sørger for at du alltid skal føle deg velkommen og ivaretatt. Randi har vidareutdanning innan Odontofobi og set alltid av ekstra tid til deg med tannlegeskrekk.

Mangeårig praksis frå Bergen

At Randi skulle bli tannlege blei avgjort i arbeidsveka i 9.klasse - 15 år seinare har ho opna dørene til sin eigen tannklinikk.

Etter uteksaminering frå UiB starta Randi i praksis hjå Bergen Storsenter Tannlegepraksis. I 2022 beslutta ho og sambuer Per Áki å vende kursen heim til nye prosjekt i Balestrand. Saman med svigerbror har dei blåst nytt liv i Balestrand Hotell. Etter månader som dagleg leiar ved eige hotell, kunne Randi i februar 2023 opne dørene til Baletann på Holmen.

Gjer tannlegebesøket til eit weekendopphold

Alle kundar hjå Baletann får 50 % på hotellrom på Balestrand Hotell.