Behandlingar

Tilleggsinfo til behandling

3D-scanner

Har du hatt tannregulering, har krone, bru eller bittskinne er det stor sjanse for at du har måtte ta avtrykk av tennene hos tannlegen. Vanlegvis gjer ein dette ved hjelp av materiale i ei avtrykksskei som må vere i munnen til det har stivna nok til å lage eit avtrykk. For mange kan dette opplevast ubehageleg. Heldigvis har teknologien kome lengre og no kan ein i staden ta digitale avtrykk med ein scanner som raskt og smertefritt gir eit presist, tredimensjonalt og elektronisk bilde av kjeve og tenner. Bileta kan sendast digitalt til tannteknikeren, noko som betyr mindre tid i tannlegestolen for deg som pasient, i tillegg til kortare ventetid på arbeid.

Ikkje møtt

Ved manglande oppmøte/avbestilling 24t før vert det eit honorar på 1085,-

I Noreg dekker Den offentlege Tannhelsetjenesten tannbehandling ut året ein fyller 18 år. Mellom 19-24 år dekker det offentlege delar av behandlinga. Etter dette må ein betale tannbehandlinga sjølv, men ein del skader, sjukdommar og tilstandar kvalifiserer til økonomisk støtte frå Helfo. Dekningsgrad blir bestemt ut frå tilstand og alvorlegheitsgrad. Differanse mellom behandlingskostnad og Helfo-dekning betalast av pasient.

Snakk med oss om du ønskjer å vite meir

Frikort

Frikort gir deg fritak for eigenandel på offentlege takstar. Dette er eit gode for pasientar med store helseutgifter, utstedt av Helfo. Behandling som overgår eigenandelen må betalast av pasient.

Ønskjer du mer informasjon om frikort og tannbehandling? Sjå meir på helsenorge.no eller ring HELFO på 23 32 70 00.

Hos oss kan du betale med kort og Vipps gjennom Front Payment betalingssystem

Kjem du langvegs frå?

Gjer besøket til eit weekendopphald på Balestrand Hotell 

Alle kundar hjå Baletann får 50% rabatt på hotellrom.