Hels på Randi og Asta

Baletann er ein ny privatklinikk med fokus på tid til alle pasientar - midt i den vakre bygda Balestrand.

Tannlege Randi Sognnæs Aamot blei uteksaminert frå Universitetet i Bergen (UiB) i 2018 og er medlem av Den norske tannlegeforeningen (MNTF). Ho elskar jobben sin og sørger for at du alltid skal føle deg velkommen og ivaretatt. Randi har vidareutdanning innan Odontofobi og set alltid av ekstra tid til deg med tannlegeskrekk.

Mangeårig praksis frå Bergen

At Randi skulle bli tannlege blei avgjort i arbeidsveka i 9.klasse - 15 år seinare har ho opna dørene til sin eigen tannklinikk.

Etter uteksaminering frå UiB starta Randi i praksis hjå Bergen Storsenter Tannlegepraksis. I 2022 beslutta ho og sambuer Per Áki å vende kursen heim til nye prosjekt i Balestrand. Saman med svigerbror har dei blåst nytt liv i Balestrand Hotell. Etter ein sesong som dagleg leiar ved eige hotell, kunne Randi i februar 2023 opne dørene til Baletann på Holmen.

Ny klinikkassistent

Hels på klinikkens nyaste tilskot - Asta!

Ho er eit kjærkoment tilskot på klinikken og starta oktober 24. Det er som regel Asta du prater med når du kontaktar oss på telefon eller mail.

Asta har 7års erfaring fra Helsetunet i Balestrand og har dermed god erfaring med pasientar som kjem godt med på klinikken også.

Vi gledar oss til å ta i mot nye og gamle pasientar som eit team framover!

Gjer tannlegebesøket til eit weekendopphold

Alle pasientar hjå Baletann får 50 % på hotellrom på Balestrand Hotell

Ta kontakt med klinikken for å motta tilbudskode som leggast inn ved bestilling

*Gjeld ikkje ved event og Balestrand Badeklubb Festival